Tips oss om nye ladepunkter for elbiler

Fleire parkeringsplassar for elbil

Helsing frå Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ved opning av NOBIL:

"Førre veke opna verdas største offentlege parkeringsplass med ladestasjonar for elbilar her i Oslo. Gratulerer, Oslo! Det gjer hovudstaden vår til ein føregangsby på området, og er eit teikn på at vi er på veg over i ei ny og betre tid. Å få fleire til å byta ut den tradisjonelle bilen med elbil er viktig for å få ned både klimagassutsleppa og for å få mindre støv og eksos i byane.

Noreg er allereie blant dei landa i verda med flest elbilar per innbyggjar. For at endå fleire skal gå over til elbil, er det viktig at det er lett å få lada bilen. Heldigvis ligg Noreg langt framme også på det området. Databasen NOBIL – som også vart lansert førre veke – vil bli svært nyttig for alle som køyrer elbil.

NOBIL gir informasjon på internett, GPS og mobiltelefon om kvar ein kan finna ladestasjonar rundt i landet. NOBIL er finansiert av Transnova, som også har støtta utbygginga av 1900 av dei 2720 ladepunkta som no snart er klare til bruk rundt i landet.

Transnova er eit av regjeringa sine viktigaste verktøy for å få fleire bilar over på alternative drivstoff. I tillegg gir vi stønad til etablering av ladestasjonar, fritak frå eingongsavgift, årsavgift og moms, tilgang til kollektivfelt, gratis passering gjennom bomring og gratis parkering på offentlege parkeringsplassar.

No håper eg det snart kjem fleire bilar som kan bruka straum til den norske marknaden. Til alle i Oslo og Akershus som allereie køyrer elbil: Lukke til med bruken av dei nye ladestasjonane og med Nobil!"